I årboka til Klepp historielag 2009 har Hallvard Nordås skrevet om fire orginaler fra Klepp

Frimann, Sander,Prest-Ola og Trøan

FRIMANN

Frimann var en stor skrønemaker, og han dikta gjerne både når han fortalde kva han heite og kor han kom fra

Arnvid Lillehammer, som har arbeidd mykje med soga til dei reisande, har funnet ut følgende

Frimann var fødd 7. september 1821 i Vik i Sogn

-----------------------

Frimann byrja vandra for seg sjølv våren 1839 Då finn me han på Austlandet, siden på Nordvestlandet, Trøndelag 1856

og Nordland

Når folk i Klepp fekk inntrykk av at Frimann var trøndern er dette såleis ikkje rett, men det kan kanskje stemma at han vart konfirmert

i tukthuskyrkja i Trondheim i 1849. Nokon særs lovlydig mann var han neppe i ungre år

Av utsjånad var  Frimann bleik, mager hadde lysebrunt hår og var 168 høg. Som faren vart han kalla koparsmed og urmaker. I vandringsåra hadde

han fleire fylgjekoner han levde samman med ..Ei av dei var Cecilie Johanne Knutsdotter frå Bergen som han vandra saman med på 1840

og første delen av 1850-talet ( Ho vandra siden med fire andre menn) Sidan i 1850-åra var fylgjekone Maria Magda-lena Karlsdotter frå Sverige

(frå den tida stammar alle  historiene Frimann fortalde om sine eventylige opplevinger i Sverige)

Karl August og Maria Magda-lena hadde dottera Helene Elisabet, fødd 1855

Deretter kring 1860 kom Frimann til våre kantar av landet og slo seg samman med husmannsdottera Jorine Ellingsdotter frå klepp kommune

Frimann og Jorine finn me i materialet presten Eilert Sundt samla om ''fantefolkrt i Norge'' i desse åra

Jorine var som nemt husmanns-dotter, men ho kom ikkje av ''reisande'' folk. Familien hennar var svært fattig og typiske

''outsiderar'' i bygesamfunnet Karl August og Jorina vandra kringom i landet på 1860 talet, men etter kvart vart opphalda i Rogaland lengre og vanlegere

I 1869 budde dei i Høyland kommune. Same året vart Frimann behandla for '' veneriske  sygdomme'' på sjukehuset i Stavanger

Det vart då skrive at han var kopparra. Venteleg vart  han behandla for syfilis. Noko anna ( og meir gledeleg) skjedde i 1869.

Frimann og Jorine gifta seg. Eilert Sundt såg likevel ikkje særlig lyst på Frimanns framtidsutsutsikter og meinte Frimann

var for drikkfeldig til å verta ein skikkeleg blikkenslagar. Etter kvart som Frimann vart eldre og meir bufast, fekk han

økonomisk hjelp av staten 8 Omstreifervæsenets Indskrænkning, Fantefondet) Dei utgiftene, som kommunane Frimann slo seg ned i

hadde på han, var derfor ikkje store. Likevel krangla Høyland, Stavanger og Klepp om kor han høyrde heime

( At Jorine hadde ''hjemstavn'' i Klepp var det derinot ikkje usenje om) Det ser ut til at  Frimann møtte Jorine då ho var tenestejente på Bore

Det var ikke så rart, for Sivert Bore tok seg varmt av fantane som ein del av presten Knudsens innsats i Klepp

og mange reisande var innom garden hans Sivert

På 1880 talet kom frimann til å ta fastere opphald i Klepp. Han tok til å verta gammal og trong meir hjelp av det offentlege.

Tidleg i dette ti-året handla han i Vasshus landhandel hjå Johan Sørbø. Flerire gonger budde han og Jorina i Verdalen

(I staden for alle plantenamn på vegane i Verdalen  kunne kanskje ein veg oppkallast etter Frimann)

Jorine hadde som nemnt slekta si i kommunen vår. Ho var fødd i 1826 på Høyland i Nærbø, men alt i 1828 flytta faren, Elling Sveinson,

til Rosland som husmann. Sidan vart han husmann på Erga,  levde i ei jordhytte og vart kalla ''Tyrken på Erga'' Jorine's syster

Elen Maria vart etter eit uroleg liv gift med ein svenske som heitte Hagelin. Ellers budde Frimann og Jorina i området kring Kleppekrossen.

Etter at Prest-Ola var død flytta dei inn i Taletta-huset. Huset låg på grensa mellom Kleppe og Riskjell og var  eitt av fleire hus som låg på små

husmannsplasser som seminarist og ordførar Tore Ellingsen sette ned. Området vart gjerna kalla ''Krålen på kleppe'' eller'' der oppe i Krålen''

Som kjent er ein krål ein landsbu i Afrika

Karl Frimann hadde ein veldig fantasi. Mange kjende han. Både Alexander Kielland, Flinta-Lars og Donchard Carlsen er mellom dei

som har skildra han - sameleis som Theodor Dahl. Finta-Lars gav Frimann tilnamnet ''Norges Kjempe, Løve, Humd''.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hjem

©Design-Works