I årboka til Klepp historielag 2009 har Hallvard Nordås skrevet om fire orginaler fra Klepp

Frimann, Sander,Prest-Ola og Trøan

Prest-Ola

I huset der Frimann og Sander budde hadde før dei ein mann som vart kalla Prest-Ola hatt heimen sin.

Ole Olson var fødd i Høyland kommune o 1817. Hn var gift to ganger. den første kona var Olina Tollaksdotter Rossrland (1817-1887)

og  Ole budde i Time kommune ein del år. Den andre kona var Ingeborg Ådnesdotter frå Orstad

Prest-Ola kom til Klepp i 1870. Då festa kyrkjesonger Tore Ellingsen han  til eit stykke utmark 8Myren) Ola vart såleis husmann på grensa mellom

Kleppe og Riskjell i det som vart kalla ''Kolonien og der Ellingsen etablerte tre små husmannsplassar i utmarka si.

Ola skulle betala betala 1 speciedalar (sidan 2) i årleg avgift, ha gjerdeplikt og ellers dei vanlege retter ein husmann  på den tida hadde

Plassen var liten og gav eit dårleg levebrød, men det var Ola van med også før han kom til Klepp. Folketeljinga i 1875 viser at han hadde 10 sauar, sådde 1/4 tønner poteter.

I Klepp var namnet hans Ole O. Høibakke, men tilnamnet vart Prest-Ola

Prest-Ola var eit godt menneske. Iheimen hans voks Henning Tobias opp. Han var fødd på tukthus i Kristiandsand av foreldre som ikke kunne ta seg av gutten

Prest-Ola fekk 1 daler i månaden for å ha Henning Tobias (betalt av fattifvesenet) og gav barnet ei god oppdraging - samvitsfullt og med ein særs

 godheit for det. Heimen var ei hytte i bakken, låg og lita. Tre av veggene var stein, og ein vegg var av tre med vindauga. Ola kalla heimen

''prestegården''  I det høvet skal han ha sagt til presten: Du he nok større prestegard enn eg, men du he kje gildere prestefrue. Hu er så

magalause te å laga syrekaga og er underdaning utan å vera sur, og staseleg utan å vera lat'' Kva hus Prest-Ola budde i, er ellers litt uklart.

Dei første åra i ''Myra'' var han og Taletta Riskjell naboar, så han har neppe overteke Taletta-huset før ho døydde.

Prest-Ola hadde heimstarett i Time. Det var derfor Time som betalte det meste av den støtta hsn  mottok av fattigvesenet.

Hans E. Hognestad skriv at folk i Time tykte at fattigkommisjoneni Klepp var vel romhendt med støtta til Ole - sidan dei visste at Time skulle betala.

Dessutan var det viktig å gje Ola  noko før det hadde gått to år, for gjekk det meir enn to år (samanhengande) der Ola var sjølvhjelpt, ville han

'' fange hjemstavn'' i Klepp og  Time vart fri eventuelle utgifter. Hognestad meinte at Klepp brukte løyva rikeleg til dei som andre kommunar betalte for,

medan det var ytt lite til Klepps eigne fattige. I realiteten var nok praksisen nokså lik i alle kommunar på Jæren

Tilnamnet har nok Prest-Ola fått av di han las mykje kristen litteratur og var svært oppteken av det som rørde seg i kristenlivet på Jæren

Det ser ut til at han ei tid hadde kontakt med den dissentarflokken som Even Grude på Stangeland stod i spissen for på midten av 1800-tallet

Han likte ikkje stastkyrkja, men han var heller ikkje alltid så oppglødd for dei forskjellige sektene som voks fram:

Dei lyse te møde og kjeme i flokk og fylge og ede folk or huså''

Torvald Tu meiner at Prest-Ola var mykje av ein gruvlar og einstøing. Han sleit med at han ikkje forstod alt som stod i Bibelen

Ein gong han slkte råd hjå ein mann frå Tu i eit  vanskeleg religiøst spørsmål, sa denne: Eg skal seia deg ein ting  Ola

Du har for mange velde i den litla smiå di. Eg trur mannen frå Tu  gjer Ola urett - ''smiå'' hans var ikkje lita.Han las og tenkte og var svært skrivefør.

Han hadde ei flott handskrift. Men han var  ein stor orginal, det er det ingen tvil om. Då sepreratoren vart teke i bruk

på gardane, klaga han svært: ''Det gud har sammanføiet, skal intet menneske adskille

Torvald Ellingsen har fortalt at Prest-Ola likte å diskutera med prester og lærde folk. Mange gonger var han i Ellingsenheimen og drøfta regeliøse spørsmål

med far til Torvald han som hadde festa Ola til ''Myra'' Det var eit sprudlande liv over Ola, og støtt krydra han om seg med bibelord''

Prest-Ola flytte Jødeland til jærs: Andagardane var Kanaen, der flaut det av mjølk og honning. Kleppe var Gosen, og Bryne var ''Babylons skjøge''.

Ein sjuk mann frå Tu samanlikna han med Lo-Debar og Mefiboset i 2. Samuelsbok og baud ivrig tenkte han på ''blodiglens døtre i Salomos 30.15''

Jau, Prest-Ola var i sanning ein husmannsprofet og ein Vårherres orginal, eller som Torvald Tu skriv: ''Det er mang ein  medgodt hovud som toflar i gamle tresko''

Av utsjånad var Prest-Ola liten og tjukk. Nokre sauer brukte han ha, og dei stelte han vel med Om vintrane tok han dei oftas inn om kvelden og gav dei høy, om

dagane streifa dei rundt på markene - men ikkje lenger unna enn dei høyde målet til Ola. Når han hadde ete middag, samls han noko mat, gjekk ut og ropte på sauene.

Og sauene slo ring om Ola

Torvald Ellingsen skriv: Det hende at sauene stod på to og la framlabbane like iooi det gråe skjegget til Ola.

Han var stutt og tjukk, men det trefte at trykket vart så hardt at Prest-Ola gjekk ålveltes

Prest-Ola kjende sitt eigne verd, og han kunne snakka beint fram om det var noka han mislikte.Ein gong satt han på ein torvkasse i ein heim.

Då sa han: ''Her sit og no og ventar på at einkvan skal seia: Min venn flytt deg høyere opp!'' Ved eit anna høve vart han tyrst men folket han kom til gav han ikkje vatn.

Då sa han ''Hjå kona mi i ''prestegården'' har det alltid vore vatn å få for den tyrste, til kva tid som helst'' Dermed gjekk han.

Ein nabo var sjømann og mykje borte.Kona hans  hadde mykje å stri med, og det vesle småbruket varikkje alltid så velstelt. Ein dag gjekk Ola forbi.

Då sa han: ''Eg gjekk gjennom ein lademannsager (latmannsåker) og se den var betagen med kraft!''

Prest-Ola kom til ein storgard på Laland i eit ærend. Gardsfolket var svært kyrkje og prestekjære folk og venta vitjing av presten. Då Prest-Ola banka på

kom det ut ei utanbygds tenestejente som ikkje kjende Ola. Ola sa då at hu måtte gå til sjølvefolket og seia at presten var komen

Lalandfolka laga til med stor servering i bestestova og vart lange i maska då Ola kom inn. Han Ola mælte då:

Er det kje meg dei kallar presten, alle folk, så jamen får de gjera litt krus på meg''

Prest-Ola opplevde det mange eldre kjenner - '' det er skitt å bli gammel'' Då han ikkje lenger greidde kvesse ljåen, sa han, ''Eg he mysst kvodå''

Ola døydde truleg i 1904, skriv Erling Brunes. Då var han 87 år. Likkista var av enklaste slag, med taustroppar i staden for berestenger

Slik såg ein på fattigfolk før, fortalde Peder Årrestad i 1945. Det var han som hadde laga kista slik

Fattigvesenet ville ha hennne

 

Hjem

©Design-Works