I årboka til Klepp historielag 2009 har Hallvard Nordås skrevet om fire orginaler fra Klepp

Frimann, Sander ,Prest-Ola og Trøan

Sander

 

Alexander Jørgensen Lindbom var Sanders fulle navn

Han var fra starten av ein del av Eilert Sundts arbeid med ''fantefolket''

Som nemt Hadde Sundt ein ivrig medarbeider i sokneprest Hans Julius Knudsen (prest i Klepp frå 1849 til 1858

Sander var fødd i 1853. Foreldra var omstreifarande Jørgen og Sara Lindbom. Sander vart oppfostra på Tu, hjå Ommund Thu

som var ein av dei kristne leiarane i bygda. Sander var ein svært gløgg gut. I rapportane prestane Knudsen og Moses sende til Eilert Sundt kan me fylgja utviklinga hans.

Han var flink, lydig og læreviljug. Til  konfirmasjonen stod han som nummer 8 på kyrkjegolvet - noko eineståande for eit omstreifarbarn på den tida.

Morfar min  - somgjekk og las same året som Sander - skal ha sagt at Sander burde ha stått først

Etter konfirmasjonen gjekk han i skomakerlære hjå  Albert Tjøtta, far til Flinta Lars. Men så tok han landevegen fatt og var borte frå bygda i ca. 30 år.

Då han kom  att, var han gift med ei kvinne som heitte Serina Samsonsdotter.  Sander var intelligent, las  mykje og var m.a. godt inne i det som stod i Bibelen

Donchard Carlsen  har skrive at Sander under andre vilkår kunne ha vorte noko stort. Men  nå vart han  - som Carlsen skriv ein vandrande, glad gesell,

 med sprudlande godt humør og små krav til livet. Hab var venesæl, likte å fortelja ei god historie, hadde frodig fantasi og song jærske kjempeviser

Han var en stor barneven. Når han møtte, Adolt Hattaland, helsa han denne på latin (''Ave Cæsar, mura tori, te salanta

Theodor Dahl har fortalt at Sander som den særmerkte personen han var, gjerne snakka om Gud og det evige, om dei store religiøse problema.

På  diskusjonsmøta på Jæren stod han midt mellom folk og la ut Ordforrådet var stort og kunnskapene gode

Han tok gjerne sin disputt med prestane og var ikkje ukjend med  antikkens filosofar og den greske gudelæra.

Sander var stadig å sjå på vegane i Klepp - etter kvart gråherda og med svart hatt. Han møtte gjerne i gravferder.

Det var lenge strid om kor han høyrde heime. Fattigvesenet i Klepp var redd for eventuelle utgifter på Sander og Serina

og krangla med forsorgsvesenet i Sokndal og Stavanger om dette. I realiteten var Sander ein ressurs for bygda

Han var vel egentlig blikkenslager, men tok gjerne forskjellig småarbeid kringom på gardane f.eks i torvvinna eller slåtten og var gjerne med på dugnader

Sander hadde ikkje born med Serina, men han var ikkje barnlaus. En son med familie var ofte innom Klepp (son heitte  Ole)

Sander var  mykje av ein spissbue. Han like å få folk til å verta usamde. Under den store målstriden ( om skulemålet i Klepp)

var han  vekselvis riksmåls- og landsmålsmann. Som lokal kjendis er han omtala i lagsavisene til avholdslaget i Klepp

Sander fortalde gjerne sjølironiske og humoristisk om eigne opplevingar. Ein gong prøvde han seg som skjærslipar. Konene kom med

sakser som skulle slipast ''Men eg va kje så tåbele at eg venta te kånene fekk prøva saksene. Eg bara fekk ørene å så kom eg meg avgårde''.

Ein annan gong var Sander på meieriet på Orre og skulle lodda nummer på mjølkespanna med loddebolt. Då sa han:

''Det verte arbeid der nere i 7000 år for ein reinhåra svenn''.

Torvald Tu kjende sjølsagt også Sander. Han fortalde ein gong om då Sander såg skimten av Vondemannen ein jonsokkveld

Sander  kom frå Hauabakka og skulle heim til stova si under Prest-Ola-bakken. Det var i mørkninga - blå skumring. Då høyrde han

haltande trav. Brått som lynet sprang eit svart ham rett framom han så det freste i lufta. Ein  tung slarpande hestehov klakka skiftevis med vaneg mannsfot -

og det slo mot steinane så det song etter!. Svovel lukta det langan lei. Kor kjæme di ifrå? ropte Sander. Han tykte det svara: frå Kleppekrossen.

Før Sander fekk spørja meir, var hin karen borte, og sjølvingen'' var det, det var Sander viss på

Sander døydde i 1943, 90 år gammal, på kommunegarden på Voll. Han var som menneske ikkje ulik Johan Schou,

Garborgs barndomsvenn av ''fantefolket'', som vart lærar og sidan omstreifar og skreiv bok om ''dei reisande.

 

 

Hjem

©Design-Works