I årboka til Klepp historielag 2009 har Hallvard Nordås skrevet om fire orginaler fra Klepp

Frimann, Sander,Prest-Ola og Trøan

      

Trøan

Trøan husker jeg godt  frå min barndom, sier Hallvard Nordås

Kvar dag kom han til handelslaget på Voll for å henta posten til kommunegarden.

Namet Trøan hadde han fått for måten han gjekk (trødde) og han var tidlig kjend for å gå langt og lenge - like til Austlandet

Nokre eg har snakka med, meiner han kom endå lenger til Trøndelag - men det har eg ikkje skriftlege kjelder som viser, sier Hallvard

Trøans rette namn var Torvald Grødeland. Han var fødd på husmannsplassen Veisholen under Grødeland og Salte i 1890

Han hadde dårleg syn og små evner og greidde etter kvart ikkje forsyta seg sjølv. Han skal ha  drive ein del med steinboring\mineboring, men

etter kvart vart han ein utgiftspost for forsorgsvesenet. Som nemnt kom han til sist til Kommunegarden på Voll (fattiggarden på Øksnevad

vart flytta til Voll i 1940 då Øksnevad vart jordbruksskule)

Slik eg hugsar Trøan, hadde han eit sigande ganglag, med svikt i knea. I 1959 løyvde sosialetaten 75 kroner til kjøp av taske til

postberar Grødeland som då hadde gått med post ca. 2000 ganger. Taska skal vera som  ein ''påskjønnelse'', står det i vedtaket

Om Trøan har opplevd det slik, kan nok diskuterrast

Trøans orginalitet låg først og fremst i vandringane han tok ut på tidt og ofte

Dei enda oftast med at han vart funnen forkomen i ei utløe eller vegggrøft og teken hand om. Deretter vart han send tilbake til Klepp på

fattigkassens rekning. Eg skal ta med nokre tilfeldige eksempel:

I 1929 fekk Trøan dress av fattigkassens  i Vennesla mot at Klepp betalte dressen og transporten heim. Då hadde han selt songar han hadde dikta sjølv

Seinare same året vart han funnen i ei løe utan høy og sengeklede og ein utetempratur på minus 20 grader, Han måtte avlusast. Avlusing måtte ein jamt til med

I eit  lesarbrev fortalde ein mann frå Østabø eit minne om Trøan:  Trøan hadde kome inn på garden for å få mat.Medan  han sat og åt, kom

det opp ei lus langs skjortekragen. ''Kæ vil du opp itte, gå ner igjen,'' sa Trøan

I 1946 melde Farsund politikammer at ein Torvald Grødeland, som var ''husvill'' hadde overnatta i arresten og  var plassert på gamleheimen.

Nå vart han send med tog frå Snartemo til Klepp stasjon

I 1948 vart Trøan funnen i Drangedal i Telemark i eit lagerhus, forfrossen og dårleg. Same året rømde han frå gamleheimen i Marnadal og kom så til mandalskanten (Holum)

Der fekk han ei dårleg attest: Nokonstaskar kan ingjen segja at han er. Bak eit tunt skal av påteken sømd, fins uana dypter av den verste råskap eg

nokon gong hev havt høve til å lyda på. Det han kunde lensa or seg av utsøkt stygg banning og pornografisk råskap kan ein ikkje gjeva att**

Toår etter vart Trøan henta i heia i djup snø, innepå islaget på marka

Kontrastane salmesong og stygg banning var typiske for Trøan. Detkan nok vera uttrykk for at han var eit djupt ulykkeleg menneske.

Salmar og banning var det også mykje av etter at han kom til Kommunegarden på Voll

På møte på bedehuset kunne han stå fram med dagen og timen han vart frelst, men når livet gjekk han imot kom den andre sida fram

Jørgen  Skjæveland frå Bjerkreim tok vare på nokre av dei åndelege songane Trøan skreiv, Han skildra eit møte med Trøan slik:

'' Eg var lærar, og ein dag kom han til skulen vår då borna var ute. Eg bad han syngja. Han var ikkje heilt normal i ansiktet,

og når han song, var stemmen så rar, at ein gut sette i ein lått. Med ein gong stoppa han å syngja midt i eit vers og bare gjekk.

Han sa  ikkje eit ord eller såg på oss, berre gjekk.

Det er fortalt at når  han gjekk langs vegane, gjekk han uti vegveita, og la seg på kne og bad. Då tok han alltid pengepungen or lomma og la

pengane fint attned seg. Det var reint merkeleg så fint og rett han kunne dikta.

Ein typograf trykte synd om han og trykte songane gratis for han. Så gjekk han rundt på gardane og selde dei, og fekk såleis litt lommepenger

Trøans-dikt

Etter ei dødsulykke ( steinskyting, der skotet gjekk av for tidleg) skreiv han. Til Ottos minde

''Du gikk på dit arbeid så snill og så god,

så hørte du dødsklokken kalle

Er du hos Jesus i aften du min ven.

Jeg lengter så til deg der hjemme

 

Ein annan song har tittelen ''Nu ser jeg Ham i nøden''

 

Her går jeg nu og vandrer ei etter gods og gull,

men sammen med min Jesus, min frelser underfull

Javisst er veien stenet og både trang og bratt

og hvasse piler suser rundt mig den mørke natt

--

Og ville dyr på veien jeg møter tusenvis

De stanse min vandring mot Himlens paradis

Jeg våpnet da må holde og bruke det meg kraft,

for Herrens ord gir kraften, det har min Jesus sagt

--

Nu ser jeg ham i nøden, jeg hørerog hans trøst,

han stille til meg hvisker, gir mig sin milde trøst,

og snart så er jeg hjemme i Himlens herlighet.

Jeg synge skal da mere om  Jesus kjærlighet

--

Slik dikta Trøan, sier Hallvard Nordås

 

 

Hjem

©Design-Works