|

STUBB
Stubb, skrevet av Jakob
Sande
------------------------
Eg vil gifta meg med
Brita i Bu
som har bruksrett til
Britebu plass
og har verpande høns og
ei ku,
og ei dunseng med
dubbel madrass
Og forsona med livet og
lat,
skal eg dra meg på
dunstopa bol,
og få heimekokt
britebumat,
til eg skin som ei
nysprotta sol
---
Nei, eg vil gifte meg
med Lisa i Li,
som har krambu med snop
i kvar krå,
og har part i eit stort
bakeri
fullt av kringler med
strøsukker på
Og forproppa i magen og
stinn
skal eg sitje på
krambua støtt,
og ta for meg som
likast eg vinn
utav alt som er surligt
og søtt
---
Nei, eg vil gifta meg
med Dorta i Deld,
som har strikkemaskin
og gitar,
og syng songen om Sion
kvar kveld,
og er mor til ein gutt
utan far
Og til tonar av åndelig
spel
skal eg strekkje meg,
stokkande stiv.
og klarere mi syndige
sjel
for det sokalla
kommande liv
---
Nei eg vil gifte meg
med alle ihop
og gå klar både hunger
og frost,
leve gratis på kringler
og snop,
få meg sokkar av
seigaste sort,
og på kjøpet bli
reinspikka far,
for til slutt å gå
lukkele bort
etter tonar av Dortas
gitar
Jackob Sande


Hjem
|